Regionalt
pilegrimssenter

Det regionale pilegrimssenteret i Selje er eitt av dei fire kystpilegrimssenter langs kystpilegrimsleia, og er lokalisert i Selje prestegard. Her får du stempla pilegrimspass, kjøpe suvenirar, bøker og vite meir kva tilbod som er i Stad kommune og informasjon om nøkkelstadane langs leia i «gamle Sogn og Fjordane».

Her er fast vertsskap i sommarmånadane.

Nøkkelstaden Selje

Nøkkelstaden Selje er knytt til Selja kloster og heilaganlegg på øya Selja. Selja er Noregs eldste og viktigaste pilegrimsmål etter Nidaros. Har vart relikviane etter den heilage Sta. Sunniva funne. Ho vart erklært Noregs første helgen. I følgje Flateyboka (1389) fekk Olav Tryggvasson reist Sunnivakyrkja her i 996; truleg den første kyrkja i Noreg. I 1068 etablerte Olav Kyrre eit bispesete her, som strekte seg frå Sunnmøre i nord til Agder i sør. Og i 1090 bygde irske benediktinarmunkar eit kloster på den heilage øya.

Pilegrimane kom i hovudsak sjøvegen og sette få spor etter seg. Difor veit vi lite konkret om denne trafikken. Men ruinane på Selja og dei andre kyrkjene og heilagstadene langs kysten vitnar om den sentrale rolla desse stadene må ha spelt i katolsk tid. På sjøvegen mot Nidaros vart Selja ein naturleg stoppestad før kryssinga av det farlege Stadhavet. Tårnet og dei kvitkalka terrassane var synlege sjømerke langt til havs. Her kunne dei sjøfarande søke ly for dårleg vêr og få åndeleg styrke til reisa vidare. Selja har også i lang tid vore eit knutepunkt for ferdsel over land austover mot Gudbrandsdalen. For dei som skulle vestover mot Island og øyene i Vesterveg, var gjerne Selja og Stadlandet staden der dei la frå land.

Pilegrimsleden

Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er ei vakker og spektakulær reise langs Noregs viktigast ferdselsveg. Leia startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Kystpilegrimsleia representerer noko nytt i vår tids pilegrimsvandringar, men kystleia har opp gjennom tidene vore ei viktig lei for pilegrimar på veg til Nidaros – og til Selja. Gjennom ei revitalisering av denne tradisjonen, er målet å kunne legge til rette for pilegrimsopplevingar for nye brukargrupper og nye reisemåtar.

Kystpilegrimsleia har 26 nøkkelstadar langs kysten, og representerer noko av det beste vi har innan kulturhistorie. Til Selje regionale pilegrimssenter ligg det 5 nøkkelstadar; Gulatinget i Gulen kommune, Kvernsteinparken i Hyllestad kommune, Kinn kyrkje og Svanøy hovedgård i Kinn kommune og Selja kloster i Selje kommune. Langs kystpilegrimsleia er tanken at du skal komme til nøkkelstadane med båt. Her er mange gode moglegheiter for å nytte offentleg transport. På siste etappe til Selja, kan du også vandre langs Sunnivaleia, som er ei pilegrimslei som knyter saman dei to heilage øyane, Kinn og Selja. Kystpilegrimsleia er ein av St.Olavsvegane til Trondheim og Nidaros, og er også europeisk kulturveg. Selja og heilagmålet knytt til Sta. Sunniva, er ein viktig milepæl på denne vegen, og for mange målet.

Kinn kyrkje

Sunnivaleia

I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen. Dei fleste langvegsfarande pilegrimar reiste sjøvegen og stogga ved Kinn og Selja. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde  plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt. 

I dag kjem igjen pilegrimar til Kinn og Selja. Sunnivaleia heiter pilegrimsleia som går langs kysten frå Kinn, over Bremanger-landet til Måløy og endar i Selje. Ho er ein del av Kystpilegrimsleia til Nidaros. Leia er no tilrettelagt og merka mellom Kinn og Selja. 

Ei pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn innlandsrutene. Det vakre og ville kyst-landskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane byr på storslegen natur, naturkrefter som fyller hjarte og sjel, men også roleg hav til ettertanke og refleksjon. 

Samarbeid

Nøkkelstadane, kommunane, kyrkja og frivillige lag og organisasjonar er kystpilegrimssentera sine viktigast samarbeidspartar, og senteret har si hovudoppgåve i å samarbeide med desse for å utvikle eit berekraftig reiseliv og verdiskaping med grunnlag i kultur og natur.

I dette ligg det å ta godt imot pilegrimar, gjere avtale med overnattingsstader, planlegge ruter, skilting og merking der leia går på land, avklare rolledeling mellom kommune, nøkkelstad og pilegrimssenter, marknadsføring m.m.

Kyrkjer på Stadlandet

Mange pilegrimar ynskjer å besøke kyrkjene i områda dei kjem til. Sunnivahola og ruinane av Sunnivakykja på Selja blir sagt å vere den fyrste kyrkja i Noreg. På Stadlandet finst det elles fleire gamle kyrkjer som framleis er i bruk. Nokre av dei går tilbake til 1500-talet.

Informasjon om opningstidene til kyrkjene finn du her.

Ferdselsvegar og
pilegrimsvegar til Selje

Religion er berre eitt av måla for dagens pilegrimar. Like viktig er opplevinga av dei historiske røtene og sjølve naturen. Pilegrimar i dag er reisande i alle aldrar, kvar med sitt eige personleg mål for reisa. Til Selje finst det fleire historiske ferdselsvegar ein kan følgje.

Selja Kloster

Vandringar på Selja

På den vesle øya Selja finst det tre stiar ein kan følgje ut til klosteret og heilaganlegget, alle med utgangspunkt i den gamle kyrkjestaden Bø på austsida av øya. Den eldste og truleg mest brukte, går på nordsida av øya. Her passerer du tuftene etter den gamle prestegarden.

Stien på sørsida er ikkje merka. Her finst det mellom anna fleire gravhaugar. For den som likar litt utfordringar, går det an å følgje ruta over toppen på øya. Stien har bratte parti, og endar rett ovanfor Sunnivahola.

Dragseidet

Kyrkjevegen Liset–Dragseidet

Frå Leikanger, på nordsida av Stadlandet, var vegen over Dragseidet til Liset brukt av pilegrimar som kom sjøvegen nordfrå.

Her følgjer ein stien forbi Leikanger kyrkje til krossen på Dragseidet. Denne er reist på staden til minne om då Olav Tryggvason kristna fire fylke her i år 997: Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. Hendinga er omtala av Snorre Sturlason i Heimskringla. Kongen gav bøndene valet mellom å la seg døype og ta imot kristendomen, eller halde slag med han. Med seg hadde han ein stor hær, så valet gav seg sjølv.

Den gamle postvegen Rimstadalen–Berstad

Vegen sørfrå går frå Rimstad til Berstad. Garden Berstad har vore busett i fleire hundre år, og det er funne to vikinggraver her. Berstad har også vore lensmannsgard for Stad skipsreide, og her har vore tingstove. I 1830-åra vart det oppretta postveg over Berstadeidet.

Denne vegen er elles blitt brukt som både pilegrimsveg og kyrkjeveg i århundrar. Frå Berstad rodde kyrkjefolket ut Moldefjorden til Selje. Heilt fram mot 2. verdskrig hadde folk frå Rimstad båt liggjande på Berstad til bruk når dei skulle til kyrkje.

På nordsida av Berstadvatnet er ei kjelde med svært godt vatn. Denne frys ikkje til om vinteren, og her kunne postføraren sløkkje tørsten når han gjekk forbi.

Manseide

Vegen over Mannseidet

I uminnelege tider har folk nytta vegen over Mannseidet mellom Moldefjorden og Kjøde ved foten av Stadlandet som eit tryggare alternativ til det farlege Stadhavet. Ei ferd over Mannseidet i dag er ei reise gjennom delar av norsk veghistorie.

Vegen er ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet, og er nemnd både av Snorre og i Egilssoga. Frå ein enkel fotsti, vart vegen truleg utbetra til tjodveg (allmannaveg) og seinare kongeveg, slik Gulatingslova kravde. Desse vegane skulle fungere som ridevegar og sledevegar. Fleire dansk-norske kongar har teke vegen over Mannseidet. Mellom desse var Christian 5. i 1685, Fredrik 4. i 1704 og Christian 6. og dronning Sophia på si kongeferd i 1733.

Mange pilegrimar nytta også Mannseidet på ferda si til den heila øya Selja. I «Kristin Lavransdatter» skriv Sigrid Undset om Feginsbrekka (fegin: glad), der pilegrimane på veg til Nidaros fekk første synet av reisemålet sitt. Kanskje har Mannseidet vore ei feginsbrekke for pilegrimane på veg til Selja?