Overnatting

Selje preste gard har 12 sengeplassar til overnatting for pilegrimar. Vi har to enkeltrom, tre dobbeltrom og ein sovesal med plass til fire senger. 

Rommet som heiter Wilhelm Frimann Koren (dobbeltrom innerst til høgre) er reservert for gjester med hund. 

Romma har namn etter kjende personar som har budd i eller har tilknyting til Selje pesetegard: Sara Cold Frimann-rommet, Bernt Tunold-rommet, Wilhelm Frimann Koren-rommet (reservert for gjester med hund), Claus Frimann-rommet, Maren Sørendatter Friis-rommet og Sunnivarommet.

Prisar

425 kr per pers. for dobbeltrom.
575 kr for enkeltrom. 
300 kr for sovesal.

Prisane inkluderer sengetøy, handle og vask. Det er ikkje høve til å ta med eige sengetøy eller sovepose.

Booking

Du må booke rom seinast 3 dagar før ankomst i vintersesongen og 1 dag før ankomst i sommarsesongen (mid juni til mid august). Du må ha pilegrimspass eller vere ein del av ei organisert pilegrimsreise for å booke rom.

Førsespurnad om booking kan sendast på  e-post til selje@pilegrimssenter.no

Har du ikkje pilegrimspass, kan du få kjøpt det hos oss for 50 kr.

Betaling

Betaling gjer ein med Vipps, Izettle / Paypal eller kort innanfor opningstid.

Utanfor opningstidene kan du betale med Vipps eller Paypal til vippsnummer 587349

Kvittering må framleggjast før innsjekk og utlevering av kode til døra.

Informasjon om overnatting