Ei opa dør

Midt i Selje ligg prestegarden Hove, som opphavleg omfatta mesteparten av sentrum, inkludert Seljesanden og kyrkjefjøra. I dag er prestegarden regionalt pilegrimssenter og kulturstove. Du er velkomen innom kaféen og pilegrimssenteret anten du er pilegrim, turist eller lokal.

Historia

Selje prestegard vart etablert på Hove ved Seljesanden på slutten av 1500-talet. Før den tid låg prestegarden og kyrkja på Bø, på austsida av øya Selja. Hovudbygningen som ligg på prestegarden i dag sto ferdig i 1784. Dei fem andre bygningane her er oppførte i perioden 1784-1884. Tidlegare var fleire små og store hus plasserte rundt eit ope tun. Sokneprest Gabriel Heiberg (1806-1826) hadde ansvar for sju embetsbygningar og 13 private bygningar.

I 1991 vart dei seks bygningane i tunet freda. I riksantikvaren sitt fredingsvedtak står det: «Selje prestegard representerer århundrelange tradisjonar som geistleg tyngdepunkt i bygda. Bygningane er kvar for seg av stor kulturhistorisk interesse. Dei er prega av til dels store arkitektoniske kvalitetar og høg grad av autentisitet».

Gammalt kart prestegarden

Tidstavle

Olav Tryggvason kjem til Selja og finn leivningane etter seljumennene og Sunniva.

Selja vert det første vestnorske bispesete. Bispedømet strekkjer seg frå Sunnmøre til Agder. Dei andre norske bispeseta er Nidaros og Oslo.

Klosteret på Selja vert grunnlagt, med benediktinarmunkar.

Relikvieskrinet med leivningane etter Sankta Sunniva vert flytta til Kristkyrkja i Bergen.

Reformasjonen. Klostergodset vert konfiskert av kongen. Soknepresten bur på Bø.

Kong Christian III overfører klostergodset til St. Jørgens Hospital i Bergen.

Plyndring av klosteranlegget. Byggjestein vert teken til Danmark.

Klostergodset tel 173 gardar, frå Vaksdal i sør til Herøy i nord.

Kyrkja på Bø vert flytta til fastlandet.

Kong Christian VI og dronninga vitjar Selje prestegard på veg frå Trondheim til Bergen.

Konfirmasjon innført ved lov. Skulegang vert obligatorisk.

Hovudbygningen og borgstova i prestegarden på Hove vert oppført av allmugen.

Folketeljing: Sokneprest Clemens Schmidt, enkjemann med to vaksne, ugifte born, samt 9 tenestefolk i prestebustaden. Fire husmenn med familiar og tenestefolk i fire andre hus; i alt 31 husstandsmedlemer.

Landsskulelova. Presten blir fast formann i skulestyret.

Det er 19 hus i prestegardens eige.

Ytre rehabilitering av prestegarden.

Folketeljing: 21 personar i prestegarden. Prost Koren med kone og deira ugifte dotter, ein ugift kapellan, forpaktarfamilie med tre barn, fire tenestejenter, ein målar, ein doktor, ein student, ei husjomfru, prostens to eigne tenestekarar og ein dreng.

Fjøs og låvebygning vert reist.

Grønestova vert riven.

Prestegarden får innlagt vatn.

Folketeljing: 12 personar i prestegarden. Prost Strømme og kone, ein ugift personalkapellan, forpaktarfamilie med seks born.

Folketeljing: 18 personar i prestegarden. Prost Strømme er no enkemann, personalkapellan med frue og son, forpaktar med familie, snikkaren og ei mellombels besøkande kapteinsfrue.

Selje kommune vert delt i tre, der Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy kommunar vert skilde ut, men Vågsøy held fram som del av Selje sokn.

Det vert bygd veg mellom prestebustaden og sjøen.

Prestegarden er med på eit tiltak med vassverk for Selje. Det blir lagt inn telefon.

Ny forpaktarbustad vert oppført.

Borgstova vert flytta til ‘Gamlehagen’.

Omfattande restaureringsarbeid ved klosterruinane.

Vøling av våningshuset, utgraving og muring av kjellar.

Selje kommune kjøper store delar av prestegarden si tomt på Hove og Nabben.

Vågsøy sokn vert skilt frå Selje sokn.

Framleis 10 husmannsplassar att under prestegarden.

Driftsbygningen frå 1865 vert riven.

Forpaktarbustaden vert seld og flytta til ny tomt lenger nord ved Seljesanden.

Den gamle prestegardshagen vert omgjort til offentleg parkområde.

Alle dei seks bygningane på Selje prestegard vert freda etter Kulturminnelova.

Statuen av Sankta Sunniva vert reist på torget framfor prestegarden. Kunstnar er Arne Mæland.

Ordninga med buplikt for prestar opphøyrer.

950-årsjubileum for Bjørgvin bispesete. Kystpilegrimsleia vart offisielt opna av H.M. dronning Sonja.

Stad kommune leiger Selje prestegard av Opplysningsvesenets fond.

Prestane

Vi finn både dramatiske historier og eit fargerikt persongalleri i rekka av sokneprestar i Selje. Prestane har vore sentrale og mektige personar i bygda. Vi har opplysningar om dei fleste prestane i Selje, men frå tidleg katolsk tid er kjeldene få.

Gjennom prestane i Selje får vi eit innblikk i korleis både kyrkja og samfunnet i Selje har endra seg gjennom fleire hundre år. Klikk på navna til høgre for å lese meir.

Claus Johansson Frimann

Claus Johansson Frimann

(1666–1715) Prest i Selje 1709–1715. Gift med Anna Harboe, dotter til Peder Nilsson Harboe. Anna var oppvaksen i prestegarden, og tok seg av mykje av den daglege drifta. Ho kjøpte mellom anna opp mykje jordgods i Nordfjord og på Sunnmøre, og la grunnlaget for velstanden i Frimann-slekta. I Selje kyrkje heng måleri av Claus J. Frimann og Anna Harboe Frimann.

Sara Cold Frimann

Driftig og kunnskapsrik prestefrue

Sara Cold Frimann (1714–1800) var prestedotter frå Romedal i Hedmark. I 1745 gifta ho seg med sokneprest Peder Harboe Frimann og flytta til Selje prestegard. Her budde også svigermora Anna Harboe Frimann, som gjekk for å vere blant dei rikaste presteenkene i landet. 

Sara vart også tidleg enke, då mannen døydde i 1759. Ho dreiv garden vidare og heldt både fiskebåt med mannskap og eige notbruk. Ved hjelp av gode inntekter frå torske- og sildefiske, greidde ho å koste utdanning på dei fire sønene sine.

Sara hadde mange talent. Ho skreiv dikt og hadde kunnskap om medisin. Ho var kjend for å vere raus og godhjarta, og mange sjuke og fattige søkte råd hos henne. Heimanfrå hadde ho fått opplæring i veving, saum, plantefarging og kokkekunst. Dette lærte ho bort til unge jenter i Selje. Ho etterlet seg mange oppskrifter, som ho skreiv på baksida av preikene til mannen, for å spare papir. 

I boka Galleri af berømte fruentimmer av H. J. Birdh frå 1793 er Sara Cold Frimann omtalt. Kaare Støylen skreiv mange år seinare: «Sara Cold Frimann bør i vår kulturhistorie finne sin plass ved siden av prestekoner som Gustava Kielland og Hanna Winsnes.» Då 100-årsjubileet for kvinneleg røysterett vart markert i 2013 med ei historisk utstilling i Sogn og Fjordane, var det Sara Cold Frimann som vart plukka ut som representant for Selje kommune.

Claus Frimann

Claus Frimann

Diktarpresten frå Selje

Claus Frimann (1746–1829) var ein av våre fremste diktarar på 1700-talet og vert ofte kalla Vestlandets Petter Dass. Dei folkelege tekstane og visene hans var populære i samtida og lever vidare i dag, til dømes «Ondt ofte lider den Fiskermand».

Claus Frimann var fødd i Selje prestegard, og var eldst av fire brør. Faren Peder Harboe Frimann var sokneprest her, slik også farfaren og oldefaren hadde vore. Claus Frimann vart sendt til København i prestelære og tok eksamen der i 1768. Her kom han i kontakt med «Det Norske Selskab», der norske studentar dyrka både litterære, selskaplege og gryande nasjonalromantiske interesser. 

Ei tid var han huslærar i Fana, og han var også kapellan i Volda i ti år hos den kjende presten Hans Strøm. I 1781 fekk han prestekall i Davik. Her blei han verande i over 40 år. Han opparbeidde seg store jordeigedomar, fekk store inntekter frå fiskeri og gjekk under tilnamnet «sildepresten».

Claus Frimann gav ut åtte bøker, og skreiv både dikt, fablar og salmar. Den mest kjende boka, «Almuens Sanger», kom i 1790. Som mange prestar på 1700-talet var han opptatt av folkeopplysning. Men Frimann var ikkje politisk radikal. Han var pietist, og opptatt av embetsstandens rettar. 

Bernt Tunold

Vestlandsmålaren frå Selja

Bernt Wilhelm Tunold (1877–1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet, og Vestlandsmålaren framfor nokon. Han var fødd på Selja, der familien bygsla ein plass under prestegarden. Han var yngst av ni søsken. Oppveksten på klosterøya la grunnlaget for ei livslang historisk interesse.

18 år gamal begynte han på underoffiserskule i Bergen. Han fullførte ikkje utdanninga, men vart i staden innlemma i kunstnarmiljøet i byen. Han gjekk to vintrar på Astor Hansens malerskole. Seinare gjekk han i lære hos kunstnaren Olav Rusti, som delte interessa hans for den gamle bondekulturen.

Bernt Tunold utmerka seg særleg som landskapsmålar, med motiv frå store delar av Vestlandet. Fargane er gjerne i nyansar av grått og mørkt grønt, også kalla Tunold-grønt. I unge år hamna han i skuggen av venen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. 

Tunold var oppteken den gamle bondekulturen i Nordfjord. Han samla inn mange gamle gjenstandar, segner og forteljingar. Motiv frå gamle gardstun og bygningar går igjen i mange av bileta hans. 

Bernt Tunold levde eit omflakkande kunstnarliv med base i Bergen. Han skreiv kunstmeldingar i avisene, og deltok på fleire utstillingar. Mange meiner han ikkje har fått den plassen i norsk kunsthistorie som han har fortent. I 1951, få år etter at Bernt Tunold gjekk bort, blei det reist ein minnestein for han i Selje.

Forpaktarane av selje prestegård

Forpaktarane

Prestegarden var den største garden i bygda. Men det var nok sjeldan presten sjølv som gjekk i fjøset og på åkrane. Tenestefolka gjorde det meste av gardsarbeidet. Ut over på 1800-talet var det vanleg å setje bort drifta til forpaktarar. På Selje prestegard var det forpaktarar frå 1828 til 1962. 

Ola Nygård var forpaktar i prestegarden frå 1920 til 1939. Dei første åra budde familien på ni  trongt i borgstova. I 1926 vart det sett opp eigen paktarbustad. Sonen Karl fortel at det var mykje arbeid å hogge ved og hente torv til fyring i den store «prestelåna» om vinteren.

Etter forpaktarkontrakta skulle presten forsynast med 200 kg korn og 300 kg poteter i året, samt to liter mjølk per dag. Forpaktarane hadde eigne sauer, som blei rodd over til Selja på beite saman med presten sin buskap. 

Olga Kristine var nest yngst av borna. Ho fortel at alle borna måtte vere med i arbeidet på prestegarden. Dei var mellom anna med i slåtten, og det hende dei måtte opp midt på natta og berge høyet frå regn. Olga Kristine slo seg ned i Australia. I 2021 vart ho 100 år, og mottok heider frå det norske konsulatet i Melbourne.

I dag

Prestegarden har til alle tider vore ein viktig møtestad for tilreisande og bygdefolk. Prestegarden var viktig for utviklinga av lokalsamfunnet – som samlingsstad, grunnlag for opplæring, kulturbygging og formidling.

No er Selje prestegard igjen ein møtestad. Her kan ein nyte lokal mat og drikke, og ein kan få åndeleg føde gjennom kulturarrangement og pilegrimsaktivitetar. Arven i prestegarden skal takast vare på og førast vidare til nye generasjonar.

Prestegarden

Moglegheitsstudiet

Muligheitesstudiet er utarbeidd av Blåmyra på oppdrag frå Stad kommune.

I den vedteken kulturarvplanen for Selje kommune, var det eit prioritert tiltak å sjå om det var mogleg å kunne nytte Selje prestegard til glede og nytte for bygda og besøkande.

Stad kommune følgde opp, og ei prosjektgruppe vart sett ned med oppdrag å kartlegge, konkretisere og synleggjere moglegheitene knytt til eventuell etablering av eit pilegrimstun mm på Selje prestegard.

Blåmyra sitt muligheitsstudiet har vore til inspirasjon for den bruken vi har etablert i Selje prestegard, og vil vere eit inspirasjonsdokument for vidare utvikling av prestegarden og dei omkringliggande bygningane.