Kulturstove

Med røter tilbake til mellomalderen er Selje prestegard i dag eit mangfaldig kultursenter på eit tradisjonsrikt og freda tun, med varierte tilbod og aktivitetar for mange ulike målgrupper. Det er ein varm, inkluderande stad der alle er velkomne. Her kan du oppleve konsertar, kunstutstillingar, litteratur- eller temakveldar, med fokus på mangfald, historie og nyskaping.

Aktivitetar

Alle er velkomne til å spele sjakk i prestegarden.
Annakvar mandag kl. 18.00 – 20.30.
Oppstart i 2024 er mandag 8. januar

Velkomen til sjakk! 

Mer informasjon finn du her:  Nordfjord sjakklubb

Utleige av lokale

Prestegarden har ulike lokale som kan leigast til arrangement. 

Stover

Stover

I fyrste etasje ligg to stover, Frimannstova og Tunoldstova. Desse er møblerte med småbord og sitjegrupper. Dei to stovene er skilde av eit gangareal der du også finn ei historisk veggutstilling. Ved arrangement blir desse tre romma leige ut samla. Tunoldstova måler om lag 6 x 5 meter, her står det også plassert eit flygel. Frimannstova måler om lag 5 x 5,5 meter, medan rommet med veggutstilling er om lag 2,5 x 5 meter. 

Tekniske anlegg

Trådlaust nett, samt lerret og prosjektor som kan koplast til PC. Prosjektoren har også høgtalar. 

Bruk av flygelet

I Tunoldstova i fyrste etasje står eit flygel. Ynskjer du å nytte flygelet til ditt arrangement, tingar du det samstundes som du tingar lokale. Flygelet er eigd av Vener av Selja.

Bestilling

Ynskjer du å leige lokale hos oss til ditt arrangement eller selskap?

Møterom, selskap, lokale for kulturelle arrangement og faste aktivitetar:
Stad kommune
Tlf: 926 29 512

Vilkår og leigeprisar

Møter/interne aktivitetar utan publikum:
Føresetnaden er at lokala må tingast i førevegen og aktiviteten må tilpassast øvrig aktivitet på huset.

Aktivitet på fast basis:

Lokale lag og organisasjonar som ynskjer å nytte lokale på fast basis må kan gjere avtale for dette for eitt år av gongen. Det blir inngått skriftleg avtale med kvar enkelt aktør/organisasjon. Ansvarleg arrangør/leiar kan hente nøkkel og vere aleine i prestegarden utan vertskap. Dersom det er større arrangement, konsertar eller lukka arrangement i prestegarden som kolliderer med dei faste aktivitetane, må dei faste aktivitetane vike. Dei får tilbod om alternativt lokale i innbyggartorget.

Alle brukarar skal følgje prestegarden sine bruksreglar og retningslinjer for lån og utleige av prestegarden.

Bruksreglar for Selje Prestegard

Stad kommune leiger Selje prestegard av Dnk Eigedom (Den norske kyrkja), og er ansvarleg for evt. vidare framleige. Alle bygningane i Selje prestegard er freda, og må brukast med respekt og varsemd. 

Bruksreglane gjeld for alle som skal bruke hovudhuset i Selje prestegard til overnatting, arrangement eller andre aktivitetar etter avtale med Stad kommune. 

Kalender

Ønskjer du eit arrangement i Selje prestegard? Sjå kalenderen under for ledig tidspunkt.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.