Besøk oss

Selje prestegard ligg sentralt i Selje sentrum. Det er kort veg frå der ekspressbåten legg til kai, og like ved båthamna der båten ligg som kan bringe deg over til den heilage øya Selja – berre ein kort båttur unna. Du kan gjerne plassere bagasjen din i prestegarden mens du er på øya, venter på buss eller ekspressbåten. 

Kontakt

Selje prestegard og Regionalt pilegrimssenter Selje

Nabben 5 
6740 Selje
Tlf. 475 15 463
Epost: selje@pilegrimssenter.no

Sosiale medier

Facebook
Instagram

Selje sentrum

I området rundt prestegarden ligg handelssentrumet som i dag går under namnet Nabben – etter ein steinpåle/nabb som båtane vart festa i. Her finn du i dag kommunehuset med innbyggartorget, som rommar bibliotek og frivilligsentral. Du finn også utstyrsbanken BUA der du m.a. kan låne gratis turutstyr. 

I innbyggartorget finn du også Sunnivautstillinga, som gir deg ein introduksjon til legenda om Sta. Sunniva og restaureringsarbeidet på Selja kloster. Dette kan vere ein god stad å starte før du tar turen ut på klosteret.

På Nabben finn du også Selje gjestehamn og eit servicebygg med dusj, wc og vaskemaskin. Her har klosterbåten sine daglege avgangar til Selja. For dei meir eventyrlystne kan turen til klosteret kombinerast med RIB Nordfjord, som også har avgang herfrå.

Hurtigbåten til Bergen har dessutan avgangar frå hamna. Du finn i tillegg daglegvarebutikk, drivstoff, kafé, pub og frisør i området.

Å komme seg til Selje

I våre dagar treng ein ikkje å gå eller ta båt heile vegen til Selje. Ein kan velje å følgje heile kystpilegrimsleia frå Egersund til Nidaros, eller kople seg på delar av leia undervegs. Dersom du vil starte ferda i Selje, finst det fleire alternativ.

Reise med bil
Køyreavstandar:
Nordfjordeid: 1 t
Måløy: 45 min
Stryn: 1 t 45 min
Ålesund: 3 t
Bergen: 6 t
Oslo via Otta: 8 t
Oslo via Sogndal: 8 t 20 min
Trondheim via Otta: 8 t.
Trondheim via Molde: 8 t 39 min.

Reise med båt
Det er to daglege avgangar med hurtigbåt frå Bergen, med fleire lokale stopp. Rutetider finst på www.norled.no

Reise med fly
Florø og Sandane har direktefly frå Oslo og Bergen. Ålesund lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Noreg. Bergen lufthavn ligg 6 timar frå Selje med bil. Ørsta-Volda lufthamn (Hovden), Sogndal og Førde er andre aktuelle flyplassar. Sjekk rutetider på wideroe.no

Reise med buss
Det går buss både austover mot Lom, nordover mot Smøla og sørover til Kinn (Florø). Ein må rekne med å kombinere med båt og/eller byte buss. Rutetider på Skyss.no

Å reise i Selje

Klosterbåten
Denne går frå Selje gjestehamn til Bø på sørsida og Klostervågen på nordsida av Selja. 
Tlf. 990 46 022
Nettside
Offentleg rute: skyss.no

Taxi
Selje Taxi: Tlf. 57 85 64 86
Stadlandet Taxi: Tlf. 99 74 96 70

Buss
Det går buss mellom Selje, Leikanger og Flatraket (vidare til Måløy/Nordfjordeid). Sjekk rutene på skyss.no

Bilutleige
Hoddevik & Drage, Leikanger, Tlf: 908 26 454
hoddevikdrage.no

Serveringsstader

SELJE

Frimannsbuda
Nabben 21
Tlf. 468 94 822
Kafé/Pub

STADLANDET

Fru Inga 
Borgundvågvegen 50
Tlf. 906 65 029
Restaurant

Stad hotell
Leikanger 56
Tlf. 948 66 836
Restaurant og pub

Vestkapp restaurant
Vestkappvegen 3535
Tlf. 908 19 825
Restaurant

Overnatting

Her er ei oversikt over stadar du kan overnatte i Selje og på Stadlandet. Desse har status som pilegrimsovernatting i samarbeid med Selje regionale pilegrimssenter:

Seljebuda
Nabben 75
6740 Selje
Tlf. 40 85 99 27
Rorbu, 2 leiligheiter, 6 x doble rom
Nettside

Selje camping og hyttesenter
Seljetunvegen 14.
6740 Selje
Tlf. 578 56 436
hytter, 32 sengeplassar
Nettside

Sætren rorbuer
Hovevegen 119
6740 Selje
Tlf. 909 56 609
Hytter, 12 sengeplassar
Nettside

Stad hotell
Leikanger 56
6750 Stadlandet
Tlf. 948 66 836
Hotellrom
Nettside

Du kan elles finne lokal overnatting på desse nettstadene:
hjartestad.no
airbnb.no
booking.com

Daglegvarebutikkar

Coop Prix Selje
Nabben 90 
Tlf. 578 59 270
Måndag–Fredag 08–22
Laurdag 08–20

Bunnpris Stadlandet
Leikanger 42 
Stadlandet (Leikanger)
Tlf. 578 57 455
Måndag–Laurdag 09–20

Joker Stadlandet
Vestkappvegen 2986 
Stadlandet (mot Ervik)
Tlf. 578 83 471
Måndag–Laurdag 09–18